Nye Svelgen Stadion er eit imponerande anlegg!

I tillegg til kunstgrasbane med undervarme og nytt lysanlegg er det og bygd friidrettsbane med kunstdekke.

Kunstgraset er levert av Syntec AS mens kunststoffdekke til friidrett er levert av tyke Neusport GmbH. Begge dekkene er siste generasjon og såleis topp moderne dekker.

Byggherre i prosjektet har vore Bremanger Kommune, men prosjektleiing og drift av prosjektet er drevet av STIF. Svein Arne Sandvik har vore prosjektleiar og har hatt ei prosjektgruppe bestående av repr. frå Fotball og Friidrettsgruppa.

Budsjettet for anlegget er på 6.795 mill mens totale kostnader er komt på 6.979 mill kr. Altså ein sprekk på 3-4 %. Dette er veldig bra utifrå at ein ikkje visste så mykje om kvaliteten på grunnmassene når ein prosjekterte.

I 2009/2010 har ein ambisjonar om å få reist eit sevice bygg på ca 230 kvm med garderober kiosk, speakerbu, lager  på eksisterande STIF tomt.

Sparebanken Sogn og Fjordane har gjennom si avtale med SFFK vore ein sterk pådrivar og støttespelar økonomisk for å realisere anlegget.

SFFK gratulerar STIF og Bremanger kommune med eit imponerande anlegg i Svelgen og ønskjer lukke til med opninga av anlegget fredag 11/9. Frå SFFK vil Jon Georg Rutledal og Olav Kjos-Wenjum være til stades i samband med opninga.