| Foto:
Vinnarar av SFE-prisar 2011: Joakim Knapstad,Rune Haugland og Vebjørn Nord Haugland
Dei høgthengande prisane vart tildelt dommarar og klubbar som har gjort sine saker svært bra i inneværande sesong.
Årets unge dommar gjekk allereie i fjor linja i Firdaligaen, i ein alder av 15 år!
Han har i år debutert som hovuddommar i 5. divisjon menn og som assistentdommar i 2. divisjon menn, med gode tilbakemeldingar.
Han er ein av dei unge dommarane som er med i talentgruppa i Sogn og Fjordane.
Kandidaten syner god innsikt, både som hovuddommar og assistentdommar, og er ein av dommarane som vil bli prøvd i 4. divisjon i 2012.
Årets unge dommar er - Vebjørn Nord Haugland, Eid IL
Årets dommar er assistentdommar i Adeccoligaen, og har i år, som ein av tre dommarar frå Norge, fått innpass på kurset UEFA Convention Core. Kurset som omhandlar opplæring for kommande FIFA dommarassistentar.
Dommaren har svært gode tilbakemeldingar som assistentdommar i Adeccoligaen i år, og er ein av dommarane NFF spesielt føl opp.Han dømmer og som hovuddommar i 3. divisjon menn, og har i år fått gode tilbakemeldingar.
Kandidaten er ein sympatisk og seriøs kar, som unge dommarar har mykje å læra av.
Årets dommar er – Joakim Knapstad, Eikefjord IL.
Årets dommarklubb har gjennom mange år vore ein føregangsklubb innan dommarsatsinga i Sogn og Fjordane. Klubben er liten men best på dommarjobben i Sogn og Fjordane. Klubben rekrutterer stadig nye dommarar, og har eit fokus på dommarrekruttering, som dei aller fleste klubbane i Sogn og Fjordane skulle lært av! Klubben har i år i kun eit senior 11 ar lag, men har 5 dommarar som alle har dømt på dei høgaste nivåa i fylket i årets sesong.
Vi gratulere Haugen IL, i år som i fjor, som årets dommarklubb i Sogn og Fjordane!
I tillegg får 5 klubbar utbetalt beløp for godt arbeid i dommarsektor i 2011: Eid IL, Syril IL, Fjøra FK, Eikefjord IL, og Florø SK
SFFK gratulerer alle vinnarar av SFE prisar for 2011, og oppmodar ALLE klubbar om å ta eit ekstra tak på dommarsida i 2012!