Det som er sikkert er følgande - det er dommarane som bestemmer om det er frispark, hjørnespark, innkast, osv!
Ja - nokon gongar får ein litt kjeft, og har ein gjort ein feil, so er det viktig å sei beklagar, eg har gjort ein feil - men blir det for gale so er det berre å finne fram det gule- eller raude kortet. Heldigvis so er det skjeldant dommarane treng å bruke verkemidlet som medfører å vise vekk spelar frå bana - det er ein konsekvens dommarane skal bruke når det er brot på regelverket som tilseier utvisning/bortvisning.
For deg som ønskjer å dømme fotball so må du ha delteke på rekrutteringsdommarkurs. Dersom du ikkje har det kan du ta kontakt med klubben din og be dei om informasjon om det, eventuelt kontakte kretsen.
Sjølvsagt ønskjer klubbane og laga gode dommarar. La dei nye og unge dommarane få prøve seg, og lat dei få mulegheit til å utvikle seg og med det for auga at dei ikkje blir møtt med hendingar som gjer at dei sluttar.
For deg som har teke rekrutteringsdommarkurset og alle dei andre autoriserte dommarane og observatørane i Sogn og Fjordane - det er på tide å melde seg på til sesongen 2012 - her følgjer påmeldingsskjema:
Rekrutteringsdommar
Autorisert dommar
Observatør