I samband med eliteturneringa i Sogndal, Fjord1 Cup, for gute- og juniorlag, var både dommarar og observatørar frå SFFK tilstades, som nytta turneringa til å skaffe seg meir erfaring på høgare nivå, før årets sesong.

Etter kvar kamp var det full evaluering for dommartrio, og ein ypperleg arena å diskutere ulike aspekt rundt dommarrolla. Laurdag kveld var det felles middag og samling for alle dommarane på Sogndal Hotell.

Dette er bare eit av fleire gode tiltak for utvikling dommarane i 2012; vi nevner mellom anna SFE Talentsamling i Danmark og SFE Dommarsamling for alle som skal dømme i regi av SFFK.

Vi har alltid bruk for nye dommarar, og har du spørsmål til påmelding, kurs,o.l, så ta gjerne kontakt med dommarkonsulent
Yngve Håkonsen,  tel; 57 62 87 05/ 90 62 42 55