Mandag 6.februar var det duka for klubbkveld i Eikefjord kor klubben fikk utdelt Fair Play Prisen for 2011. Heile fotballgruppa med eit fulltallig styre, media og SFFK v/ kretsleiar Robert Endestad var tilstades da NFF sin eigen Fair Play ambassadør, Per Ravn Omdal delte ut den prestisjefylte prisen.

Det vart ein kjekk kveld for alle frammøtte, kor Eikefjord v/ leiar Per Øyvind Sørbø, fortalte om bygda og klubben og arbeidet med Fair Play. SFFK gav også eit innblikk i Fair Play-arbeidet i kretsen og til slutt ei flott og verdig utdeling av Fair Play Prisen ( kr.10.000,- fra Norsk Tipping!) av Per Ravn Omdal, som også hadde nokre gode historiar på lager. 

Alle fikk servert marsipankake med Fair Play-logo og sjølvsagt frukt!

Vi gratulerer Eikefjord nok ein gang med Fair Play Prisen for 2011!