Vert det Årdalsjubel mot TMFK til helga? Her jublar årdalspelarane etter scoring mot Fjøra i vår.
| Foto:
Årdalfotball.no
Firdaligaen er jamn både i toppen og rundt 6. plassen som gjer plass i den nye 3. divisjonen i 2011.
Runde 17 til helga har mange godbitar for den som er glad i lokalfotballen.
Runda startar fredag kveld med Jølster - Fjøra. Fire kampar går laurdag ettermiddag mens Sogndal 2 - Høyang går på Fosshaugane måndag kveld.
Kampane i runde 17:
Fredag 3/9, kl 18.30:
Jølster - Fjøra
Fjøra har gjennom gode resultat, spesielt på heimebane, fått heng på 6.plassen og satsar nok allt på å bli blant dei seks beste. Skal dei klare det må helst Jølster slåast på bortebane. Jølster på si side er fortapt i botnen og må bare forsøke å gjennomføre resten av kampane med stil. Her vert nok Fjøra for sterke. TIPS B
Lørdag 4/9, kl 16.00:
Dale - Eid
Viktig kamp på Dingemoen. Dale ligg på 5. plass og er 5 poeng bak Eid. Det er 6 poeng ned til "streken" for 6. plassen. Ein siger her vil være eit viktig steg for Dale for å komme med i den nye 3. divisjonen neste år. Eid tapte naboduellen mot Stryn på heimebane forrige helg. Som så ofte før i år fekk dei det tøft i 2. omgang etter ein god start. Eid ser nok fortsatt oppover på tabellen men realistisk sett er nok muligheten for KM tittel vekke. Vi trur Dale vinn på motivasjon. TIPS H
Stryn - Sandane
Stryn vant 3-1 borte mot Eid sist mens Sandane spelte 1-1 heim mot Jølster. Stryn har fortsatt heng på toppen og dersom TMFK avgjer poeng i Årdal vil kampen om seriemeisterskapet være heilt open. Det betingar at dei slår Sandane her. Det trur vi stryningane klarar greit. Sandane kjem til å få kjørt seg defensivt mot Stryn sine offesnsive spelarar. TIPS H
Vik - Florø
Vik fekk muligens nådestøtet i forhold til 6. plassen mot Sogndal 2 sist. Dei tapte 2-5 på Fosshaugane mens Florø holdt serieleiar TMFK til 0-1 på bortebane. Eit uheldig sjøvmål skilte laga den kampen. Her får Florø sine unggutar ei utfordring på Vik sine fysisk sterke spelarar som ønskjer å vise seg fram på heimebane. Vi trur på ein jamn kamp. TIPS U
Årdal - Tornado Måløy
Rundas toppkamp går på Jotun stadion. TMFK sleit med å få hol på FSK sist mens Årdal måtte ta til takke med eit poeng borte mot Fjøra. Her vert det heilt sikkert full trøkk frå begge lag og utfallet er uvisst. Årdal vil med tap her være hekta av i toppen. Då vil dei være 8 poeng bak med 5 kampar igjen. Det vert bortimot umogeleg å ta inn. Dersom Årdal vinn vil avstanden være 2 poeng og spenninga vil holde seg heilt inn. Vi trur Årdal får hevn frå vårkampen der TMFK slo årdølene greit. TIPS H
Måndag 6/9, kl 19.00:
Sogndal 2 - Høyang
Sogndal 2 slo Vik greit på heimebane sist. Høyang tapte 1-3 for Dale heime og har kun æra å spele for resten av sesongen. Sånn sett kan det være at spelarane slepper seg meir laus og kan overraske positivt. Men her får dei det tøft mot eit Sogndal 2 lag som ønskjer å prøve å komme inn blant dei 6. beste. TIPS H
Tabellen før runde 17:
| |
Kamper |
S |
U |
T |
Mål |
Poeng |
| 1. Tornado Måløy FK |
16 |
14 |
1 |
1 |
67-13 |
40* |
| 2. Stryn TIL |
16 |
11 |
2 |
3 |
75-31 |
35 |
| 3. Årdal FK |
16 |
11 |
2 |
3 |
49-27 |
35 |
| 4. Eid IL |
16 |
10 |
1 |
5 |
38-29 |
31 |
| 5. Dale IL |
16 |
8 |
2 |
6 |
35-37 |
26 |
| 6. Florø SK |
16 |
8 |
1 |
7 |
26-37 |
25 |
| 7. Fjøra FK |
16 |
6 |
2 |
8 |
32-29 |
20 |
| 8. Sogndal Fotball2 |
16 |
5 |
2 |
9 |
25-50 |
17 |
| 9. Vik IL |
16 |
5 |
1 |
10 |
27-48 |
16 |
| 10. Sandane TIL |
16 |
3 |
3 |
10 |
28-58 |
12 |
| 11. Jølster IL |
16 |
2 |
4 |
10 |
15-34 |
10 |
| 12. Høyang IL |
16 |
2 |
1 |
13 |
18-42 |
7 |
* TMFK har blitt trekt 3 poeng
Kampane i runde 17:

MØT OPP OG STØTT DITT FAVORITTLAG I FIRDALIGAEN!!