Kretsvedtak frå Kretstinget i november 2011 seier at 6-åringane skal med i Kongleriket Miniputt fra og med våren 2012:

"SFFK ønskjer å få med alle 5 og 6 åringane ifrå starten av sesongen det året dei startar på skulen.I ein del klubbar er ikkje dei med på treningar/turneringar før dei startar skulen til hausten. SFFK ønskjer at dei skal vere med heile sesongen.
Så lenge ikkje alle klubbane har med 6-åringane heile sesongen,vert motstanden ujamn for desse i dei to første turneringane. Det er vanleg i andre kretsar at ungane er med i miniputt frå starten av sesongen det året dei fyller 6 år. NFF legg og føringar på at desse skal vere med både i den nye barne- og ungdomsfotballboka og C-lisenskurset"

Klubbane bør derfor ut med informasjon til foreldre (barnehagar,klubbsider,o.l), og sette i verk aktivitetstilbod for denne aldersklassa no på vårparten.

I tillegg til 6-åringane, er klasse 7-10 år med i turneringane som tidlegare.

Vi minner også om tilbodet om seriespel for dei eldste miniputtane, 9-10 åringane som blir vidareført frå i fjor og som vart ein stor suksess!