Sparebanken Sogn og Fjordane KM-innandørs sluttspel står for tur!

No til helga, laurdag 6. -og søndag 7. mars samlast dei 54 beste laga frå kvalifiseringa, for å kjempa om kretsmeister-tittelen i Sparebanken Sogn og Fjordane KM-innandørs aldersbestemt, i Nordfjordhallen. Det vil sei omkring 500 av dei vel 1800 spelarane som deltok i kvalifiseringa i februar, er med å kjempe om KM-tittel. 

Laga som kvalifiserte seg til Sparebanken Sogn og Fjordane KM-sluttspel, er sett opp med pulje - og kampoppsett som de finn her; KAMPOPPSETT

Minner og om Sparebanken Sogn og Fjordane sin konkurranse, der ditt lag kan vinne kr. 5000.-, ved å ta lagbilete av laget ditt. Meir informasjon om konkurransen finn de HER

 

Resultat frå kampane finn de på følgande side: www.tmfkfotball.no

I sluttspelet i Nordfjordhallen spelast følgande klassar på følgande dager:

Laurdag 6. mars - småjenter, smågutar og jenter

Søndag 7. mars - gutar, junior damer og junior herrer

Turneringa startar begge dagar kl. 11.00, og det blir spel på 3 baner.

 

Teknisk arrangør: Tornado Måløy FK

Vi minner alle laga om å ta seg god tid med reisa til og frå Nordfjordhallen. Bruk bilbelte, og køyr varsamt!

Publikum er hjarleg velkomne Sparebanken Sogn og Fjordane KM-sluttspel, i Nordfjordhallen desse dagane - gratis inngang og kiosksal!