Det vart fullt trøkk i Førdehuset laurdag 28.januar, når det skulle kjempast om KM-titlane i seniorklassa:

Kaupanger møtte IL Høyang til ein spennande finale i dameklassa. Ved full tid stod det 2-2 på måltavla, og det måtte straffesparkkonkuuranse til for å kåra vinnaren. Til slutt var det Kaupanger-damene som kunne dra det lengste strået med 5-3 som resultat. Mål Kaupanger: Aina Røyrvik,Elisabeth O.Nilsen, mål IL Høyang:Malin Fjæren,Bodil Thaule Rørvik

I herrefinalen skulle Florø og Vik gjere opp om sigeren, og her kunne Florø til slutt gå av bana som KM-meistarar med 3-1. Mål Florø: Kristoffer Book, Simen Reksten Solheim (2), mål Vik: Kristoffer Valsvik

Både vinnarane og dei tapande finalistane fikk flotte pengepremiar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og vi gratulerer Kaupanger og Florø som kan smykke seg med ein verdig KM- tittel Innandørs for 2012!

Resultatar frå kampane i KM finn du her - RESULTAT