Då er det igjen tid for Umbro5Cup (venneturnering), og frå og med i dag vil det være mulegheit for arrangørar å melde sin interesse til NFF.
Søknadsfrist
Siste frist for å melde sin interesse til NFF er fredag 16. september, og det vil ikkje vere nokon mulegheit for påmelding etter denne datoen hvis arrangør vil vere med på felles annonsering. Lista over godkjente arrangørar vil bli lagt ut fortløpande etter godkjenning, og det vil då frå dette tidspunkt vere muleg for lag å melde seg på.
Promotering
Nedanfor finn dykk informasjon om kva sentrale initiativ NFF tar med tanke på promotering av de forskjellige arrangementane og kva arrangør får frå NFF/Umbro:
- Annonser i riksdekkande avis
- Annonser i riksdekkande radio
- Artikler og annonsar på fotball.no
- Annonsar diverse online medier
NFF vil begynne med denne felles annonseringa frå ca. 15. oktober 2011, men det er veldig viktig at lokal arrangør tek ansvar for promotering i eige lokalmiljø, då den sentrale promoteringa er meint til å supplere deira eigne initiativ.
Utstyr
Utstyr som sendast ut frå Umbro:
- Gensarar til arrangører
- Vestar (2 farger)
- Plakatar
Arrangementsform
Det vil frå sesongen 2011/2012 vere muleg å gjennomføre to variantar av Umbro5Cup:
- Umbro5Cup fotball – gjennomførast som tidlegare Umbro5Cup turneringar
- Umbro5Cup futsal – gjennomførast med bruk av futsal ball, men med foreinkla/tilpassa regelverk, kor alle ”komplekse” futsal-reglar (keeper-reglar, akkumulering av frispark osv) tas vekk. Ellers gjennomførast dette etter nøyaktig dei same prinsippa som ved Umbro5Cup fotball (påmelding, forsikring, økonomi, konkurranseform.
Påmeldingsskjema finn de her: Påmelding_Umbro5Cup