I samband med at SFFK si toppgruppe for jenter skal ha samling på Kaupanger, så ynskjer vi å nytte høve til å skape ekstra blest og setje jente og damefotballen i fokus.
Vi har plukka ut eit fylkeslag med spelarar i alderen 16-20 år frå heile fylket. Her har vi invitere våre klubbar i 2. og 3.divisjon til å nominere inn sine kandidatar.

Vi er glade og stolte over å ha fått med oss ein av landets beste klubbar, både på topp og breddesida når det gjelde jente og damefotball, Arna - Bjørnar, denne dagen.

Arna-Bjørnar stiller med sin ass.trenar og spelarutviklar for sitt toppserielag, Bjarne Hagen og sin sportskoordinator i breddefotballen, Sigmund Thunes.

Vi håpar klubbane kjenner si besøkelsestid !

Program :

Søndag :

·        Kl.10.00. Oppmøte.

·        Kl.10.15.-11.15. Trening Toppgruppe SFFK + Fylkeslaget. Halv bane på kvar.

·        Kl.11.30. Felleslunsj for spelarar, trenarar og deltakarar på Vesterland.

·        Kl. 12.00. – 14.00.  Forum for spelarar, trenarar, leiarar :

-          Korleis er ståda for jente og damefotballen i fylket ?

SFFK v/Magne Elde.

-          Slik jobbar vi i Arna -Bjørnar v/ Bjarne Hagen, ass. trenar Arna Bjørnar damer og Sigmund Thunes, A/B sin sportskoordinator.

-          Debatt/diskusjon :
Korleis rekrutterar vi fleire jenter inn i fotballen ?

Korleis skal vi behalde jentene lengre i fotballen ?

Kva gjer vi framfor 2012 sesongen ?

 

·        Kl. 15.00. – 17.00.  Kamp SFFK Toppgruppe jenter vs. Fylkeslaget.

·        Kl. 18.00. Tippeligakamp Fosshaugane, Sogndal - Strømsgodset.

Påmelding til forum for trenarar/leiarar/føresatte eller andre  til underteikna innan mandag 10.oktober !

Les meir om heile programmet og dei uttekne spelartroppane  i vedlegga under.

Sjå program og info for dagenher.

Sjå spelartroppen til fylkeslaget her.

Sjå spelartropp til SFFK toppgruppe her