Bylag

SFFK sin bylagsserie har eksistert sidan 2006, og utgjer ein sentral del i SFFK sin spelarutviklingsmodell.

Siste blogginnlegg

  • Bylagsserien er eit tilbod for våre mest lovande 13- og 14-åringar.

    I perioden oktober - desember vil dei uttekne spelarane gjennom trening og kamp få god påvirking av dyktige trenarar frå dei største og viktigaste samarbeidsklubbane til SFFK:

    Kaupanger IL har ansvar for jentene i Sone Sogn.
    Sogndal IL Fotball har ansvar for gutane i Sone Sogn.
    Førde IL Fotball har ansvar for både gutar og jenter Sone Sunnfjord.
    Tornado Måløy FK har ansvar for gutane i Sone Nordfjord.
    Stryn TIL har ansvar for jentene i Sone Nordfjord.

    Bylagsserien skil seg frå andre spelarutviklingstiltak i den forstand at den vert sett opp som eit ordinært seriespel, der kvart lag spelar seks kampar og kjempar om poeng, målforskjel og å stå igjen som vinnarar av Bylagserien 2011.
    Som ein ekstra motivasjon, vil det i etterkant av Bylagserien bli teke ut eit kretslag for både gutar og jenter, som vil få møte eit felles kretslag frå Sunnmøre og Nordmøre til dobbeltkampar. 

    Utover sjølve treningane og kampane er tiltaka i Bylagsserien også svært gode møteplassar for trenarar i ungdomsfotballen frå svært mange klubbar, og såleis også glimrande trenarutviklingstiltak.  Etter seks års erfaring med Bylagsserien veit vi at den genererer stor entusiasme og mykje kompetanse over heile fotballfylket.

    Nytt av året er difor at vi legge opp til ei impulssamling for trenarar og føresette midt på dagen på turneringsdagane.

    Bylagsserien 2011 skal som sagt vere eit utvida tilbod for dei beste 13/14-åringane våre, dvs. for spelarar fødd i 1997/98.  Kvar tropp skal bestå av ca.18 spelarar som skal bekle alle rollar og posisjonar, og fordelinga mellom dei to årskulla skal vere ca. fifty-fifty.

    I år skal kampane i Bylagsserien gå slik:

    1. runde : 30. oktober på Kaupanger
    2. runde : 8. november på Reed for jentene.
                  10.november på Reed for gutane.
    3.runde : 4.desember på Eid Idrettspark

    All info om bylagserien 2011 vil du finne her inne.

     

     

     

Samarbeidspartnarar

Ad
Ad
Ad