Allereie midt på 90-talet starta SFFK opp med fotballskulane som eit sentralt tiltak i spelarutviklingsarbeidet på kretsnivå.
Som med Bylagsserien er det likevel klubbane som er bærebjelken i gjennomføringa av fotballskulane. 11 utvalde og geografisk spreidde klubbar gjennomfører fotballskulane på vegne av SFFK :
Kaupanger IL
Sogndal IL Fotball
Årdal FK
IL Høyang
Førde IL Fotball
Dale IL
Florø SK
Sandane TIL
Stryn T & I
Eid IL
Tornado Måløy FK
Fotballskulane si målgruppe er alltid dei aller yngste spelarane i modellen vår - dvs 13-åringane. I 2012 vil dette bety spelarar fødd i 1999. Merk at det er klubbane som nominerer inn sine mest lovande spelarar, og at det endelege uttaket vert gjort av SFFK sitt personell. Totalt sett deltek omlag 350 spelarar frå heile fylket på SFFK sine fotballskular i løpet av gjennomføringsperioden.
Informasjon, uttak og aktivitetsplanar vert lagt ut her når det nærmar seg neste gjennomføringsperiode.