Frå fredag kveld til søndag ettermiddag får deltakarane på keeperskulen 5-6 kvalitetsøkter med godt kvalifiserte instruktørar.

Les meir om keeperskulen på www.keeperskulen.no og meld deg på !

Lørdag 10.09. arrangerar SFFK i samarbeid med Terje Skjeldestad Keeperskule keepertrenarkurs 1.

Dette kurset er lagt opp for trenarar i barne og ungdomsfotballen.
Kurset har ein kombinasjon av teori og praksis, med hovudvekt på praksis.

Program :

Kl. 09.30. Oppmøte klubbhus Kaupanger stadion.
Kl. 09.30-12.30 Keepertrenarkurs 1, del 1 barnefotball, teori og praksis.
Kl. 13.00-16.00 Keepertrenarkurs 1, del 2 ungdomsfotball, teori og praksis.

Terje og Bjørn Skjeldestad blir instruktørar.

Vi har alle eit ansvar overfor keeperane vår, og eg trur vi alle kan vere einige om at pr. i dag så får dei ikkje den oppfølginga dei burde få i alt for mange klubbar. Dette ser vi også igjen på kvaliteten på dei unge keeperane som kjem opp i dag.
Difor håpar vi at mange klubbar stiller med folk på dette kurset.

Vi satsar på at vi i løpet av høsten skal få arrangert Keepertrenarkurs 2 , der deltakarar som har gjennomført keepertrenarkurs 1 kan delta.

Vi håpar på god på deltaking.

Deltakaravgifta er på 600,- pr. deltakar inkl. materiell og DVD.

Påmelding til SFFK ved Magne Elde, magne.elde@fotball.no  innan mandag 5.september.