Gjennom mange år har Terje Skjeldestad arbeidd langsiktig for å bygge opp sin eigen keeperskule, der han har samla dei beste instruktørkreftene som er å oppdrive innanfor keepertrening her i fylket. Resultatet er at Terje Skjeldestad Keeperskule (TSK) i 2011 framstår som det beste og mest kompetente keepermiljøet på Vestlandet.
TSK opererer på fleire nivå, med store breiddetiltak gjennom heile året, spissa samlingar for dei aller beste, og gjennom Terje sin eigen spelarbakgrunn og noverande stilling som keepertrenar i Sogndal Fotball og for G15 landslaget, framstår TSK i dag med ein tydeleg profil midt i aksen breidde - krets - toppklubb.
SFFK samarbeidar tett med TSK også i 2011.
På alle toppgruppesamlingar, så vil keeperane få oppfølging av TSK sine instruktørar.
Aktivitetsplanar og nyhende om samlingar og tiltak retta mot keeperutvikling vil bli lagt ut på desse sidene fortløpande. Sjå ellers www.keeperskulen.no for ytterlegare info.