Som alltid når det er snakk om keeperutvikling i Sogn og Fjordane benyttar SFFK seg av den kompetansen og erfaringa som Terje Skjeldestad Keeperskule representerer, og det gjer vi også no når vi har fått midlar til å setje eit ekstra trykk på jenter som ynskjer å vidareutvikla seg som keeperar.
"Jenter i mål" er eit UEFA/NFF-initiert prosjekt som SFFK får lov til å ta del i, og det er vi både stolte og glade for. Det har over tid komme fleire gode jentekeeperar frå fylket vårt, og håpet er at vi gjennom dette prosjektet kan få mogelegheit til å vidareføre den tradisjonen.
I løpet av året kjem SFFK og Terje Skjeldestad Keeperskule til å arrangere fleire ekstra treningssamlingar særskilt for jentekeeperar i alderen 14-16 år, i tillegg til eigne trenarforum der også trenarane kan få auka kompetanse omkring keepertrening og keeperrollen.
Prosjektet er opent for alle jentekeeperar mellom 14-16 år (f.1996-97-98), og dei som ynskjer å delta kontaktar spelarutviklar Jan Tore Jåstad på mail jantore.jastad@fotball.no innan 6. februar.