Målgruppa for desse tiltaka er dei mest talentfulle unge spelarane våre i alderen 13-16 år, dvs dei som ligg aller nærmast opp mot regionalt og nasjonalt nivå.
Noreg er ein liten nasjon, med få innbyggarar og følgjeleg også færre toppspelaremne enn våre internasjonale konkurrentar. For å lukkast i spelarutviklingsarbeidet vårt er det derfor avgjerande at arbeidet med dei mest lovande ungdomsspelarane våre er så heilskapleg og så godt som mogeleg.
I SFFK gjer vi dette via topp- og kretsgruppene våre. Trening- og kampsamlingane er dei mest konkrete og synlege tiltaka ovanfor målgruppa, men utgjer likevel berre ein liten del av det totale oppfølgjingsarbeidet.
SFFK erkjenner at 95% av all påvirkning skjer i heimeklubben, og investerer derfor mykje tid og ressursar på at klubb- og treningskvardagen til dei beste spelarane skal vere så optimal som mogeleg.
Arbeidsmåtar:
- Direkte påvirkning via krets, region og landslag - i trening og kamp.
- Treningsdagbøker
- Fastsetjing og oppfølgjing av utviklingsmål
- Testing på uthald og hurtigheit.
- Bruk av video
- Utviklingssamtalar
- Kampobservasjonar
- Kvalitetssikring av trening- og kampkvardag.
I tillegg foregår det ein meir eller mindre kontinuerleg dialog mellom spelarutviklar krets og trenarane til dei aktuelle spelarane.