Spelarar frå 11 klubbar i fylket var med i den 18 mann store troppen som var i aksjon i Haugesund.
Denne turen var eit samarbeid mellom SFFK og Sogndal Fotball.
Her fekk spelarane ein unik mulighet til å matche seg mot topp nasjonal motstand i Vard og i Viking sine lag, samstundes som ein også fekk spele mot internasjonale lag. FC Midtjylland er rekna som Skandinavias beste akademi, medan laget frå England, Castle Park, nok ikkje var av aller beste kvalitet.
Slik gjekk kampane :
SFFK - FC Midtjylland 3-2(2-0).
- Mål : Asgrim Farnes og Karsten Bjelde jr.
SFFK - Viking 1-3(0-1).
- Mål : Karsten Bjelde jr.
Vard - SFFK 3-1(1-0).
- Mål : Asgrim Farnes.
Castle Park - SFFK 1-4(0-2).
- Mål : Edin Øy 2, Asgrim Farnes og Sander Dvergsdal.
Samla sett var prestasjonane og resultat litt variable.
Vi starta med å levere ein meget god kamp mot Midtjylland, der vi etter ein meget sterk førsteomgang tilslutt vann fortjent. Kampane mot Vard og Viking er kampar der vi styrar spelet og skapar dei største målsjansane, men begge kampane blir prega av at vi sleppe inn alt for enkle dødball mål. Av totalt 9 baklengsmål i turneringa, så kjem 7 av dei etter dødballar.
Siste kampen mot Castel Park bar preg av ein del sletne bein, og utan å måtte prestere for godt, så vart det ein enkel siger.
Det vart utan tvil ein nyttig helg i forhold til å skaffe seg referansar og måle seg mot andre gode fotballspelarar. Vi håpar spelarane tek med seg desse referansane inn i sin eigen treningskvardag i klubbane og at det igjen bidrege til vidare utvikling av spelarane.
Slik turneringar er viktige referansepunkt, og vi skulle gjerne delteke på endå fleire slike......