På ein flott høstdag vart det ein lærerik og spennande fotballdag for både spelarar, trenarar, leiarar og føresatte på Kaupanger søndag.

Dagen starta med treningar for både SFFK Toppgruppe og Fylkeslaget.
Ass.trenar for Arna Bjørnar sitt toppserielag, Bjarne Hagen, leia med stor entusiasme og innlevelse ei lærerik treningsøkt for toppgruppejentene våre. Dette medan Førdetrenar Geir Hoff og Jølstertrenar Siren H. Hilsen, leia fylkeslaget si økt på ein framifrå måte på motsatt banehalvdel.

Deretter var heile gjengen samla til felles lunsj og forum på Vesterland.

Her innleia spelarutviklar Magne Elde frå SFFK, før Bjarne Hagen og sportskoordinator for breddefotballen til Arna Bjørnar, Sigmund Thunes fekk sleppe til.

Dagen på Kaupanger vart avslutta med ein god fotballkamp, mellom SFFK Toppgruppe og det samansette Fylkeslaget. Etter ein jamnspelt, tett og god fotballkamp, så var det fylkeslaget som var kvassast framfor mål. Dei sikra seg ein 0-3(0-1) siger etter mål av Kristine Kjøsnes, Kristina Juklestad(begge Jølster) og Malin Fjæren(Høyang).

Vi håpar at dette tiltaket stimulerar både spelarane og ikkje minst leiarane og klubbane, til å fortsette jobben til det beste for jente og damefotballen i fylket !

Du kan sjå mange bilder frå kampen på denne linken :
http://www.haugenfotball.no/fakta111016jentefotballensdag.html

Her ser du ei liste over alle du ser på bildet :

Bak frå venstre: Magne Elde (Spelar og trenarutviklar SFFK), Kjell Ertesvåg (trenar Kaupanger), Kristina Juklestad, (Jølster),  Maren Rosø (Sandane), Benedikte Flåten (Stryn), Andrine Njøsen Helgås (Førde),  Marte Kristine N. Grønvold (Høyang), Ida Dalaker (Kaupanger), Randi S. Aamot (Høyang), Martine Wolff Nesse (Kaupanger), Stine Hovland (Kaupanger), Elsa Nesse (Balestrand), Vilde Ness (Sogndal), Ragnhild Vereide (Eid), Ingebjørg Scott Bale (Eid), Camilla Ervik (Eid), Veronika Stokke (Eid), Ida Katrine Pedersen Nesse (Høyang), Kristine Kjøsnes (Jølster), Siren Heggheim Nilsen (trenar Jølster) og Geir Hoff (trenar Førde).
Framme frå venstre: Bodil Taule Rørvik (Høyang), Dagny Sæten (Stryn), Julie Fosse Førde (Bremanger), Beate Støfrin (Jølster), Sara Eriksen (Førde), Ingvil K. Loftesnes Kvåle (Kaupanger), Sigrid Heien Hansen (Jølster), Guro Øydvin (Kaupanger), Lena Vinsrygg (Stryn), Tonje Fannemel (Hornindal), Lea Lefdal (Kaupanger), Elisabet Orrestad Nilsen (Kaupanger), Henriette Jagedal (Førde), Madelen Hopen (Florø), Ingri Ness (Sogndal) og Malin Fjæren (Høyang).