Totalt 19 TINE Fotballskular skal arrangerast i fylket i løpet av sesongen. Dette er fleire enn det har vore på mange år, og betyr at ungane kan velgje og vrake i gode fotballtilbod i ferien! Arrangørstader finn du HER
Vi ønskjer at TINE Fotballskule skal ha eit godt fagleg innhald, og klubbane er utfordra til å ha instruktørsamlingar i forkant, der ein avstemmar forventingar og legg føringar for innhald/aktivitetar for kvar dag. Nødvendig materiell skal vere sendt klubbane i god tid før fotballskulane startar.
Nytt av året er at ein fotballskule i kvar krets premierast. Kriteriar for å bli innstilt til "Årets TINE Fotballskule":
1) Delteke på kretsens samling for arrangørar - ev blitt fulgt opp av krets i forkant (dersom dette leggast opp til via krets)
2) Instruktørsamling i kvar arrangørklubb! Hugs instruktørsamling er ein forutsetnad for eit vellykka arrngement.
3) Maks 12-16 spelarar/deltakarar på to instruktørar
4) Tydeleg promotering av fotballskulen som TINE Fotballskule (Fotballskulens navn skal vere TINE Fotballskule, bruk av TINE-instruktørtrøyer, TINE Fotballskule bannere skal vere godt synleg.
5) Klubben/arrangøren skal vere besøkt og evaluert ved bruk av evalueringsskjema.
Vi ber om at arrangør sender ein eigen rapport (gjerne med bilete) til SFFK etter at fotballskulen er slutt.
Premiar til Årets TINE Fotballskule vil vere 10 ballar + ett sett småmål!
Vi ønskjer arrangørar og deltakarar lykke til med flotte fotballdagar i sommarsola!