SFFK ønskjer at klubbane skal selge frukt og grønt på alle arrangement.

Sal av frukt og grønt gir klubben ein god profil. I tillegg betyr det pengar i ei slunken klubb-kasse, ikkje minst takka vere den gode refusjonsordninga gjennom Bama.
Ordninga gir klubbane 50% refusjon på alt sal av frukt og grønt.

Korleis kan du gå fram? Sjå http://www.bama.no/eway/no/idrettsfrukt/index.aspx
for gode tips og rettleiing.

Og hugs at SFFK er med på laget og gir inntil kr.500,- i refusjon ved kjøp av frukt og grønt. Alt vi treng å vite av dykk er kva for arrangement, dato og kvittering for innkjøpt frukt, samt kontonr. for utbetaling.

Lykke til med sunne alternativ i kiosken!