SFFK har i 2011 eit ekstra fokus på integrering. Fotballen i Sogn og Fjordane skal være for alle. Eit hovudpoeng for SFFK er å skape meir aktivitet for denne gruppa og at tiltaka skal være varige.

I den samanheng har SFFK tatt initiativ ovanfor Sogndal Fotball for å få til ei Unified klasse i årets Sognefjord Lerum Cup. Sogndal Fotball tente på ideen og no vert Sognefjord Lerum Cup åpen også for Unified lag.

Sogndal Fotball har i fleire år hatt eit flott tilbod til utviklingshemma gjennom Sogndal United. Irene Norheim og dei andre rundt dette laget har lagt ned eit fantastisk arbeid med denne gjengen. No skal dei altså få si eiga klasse i Sognefjord Lerum Cup.

Les meir om Sognefjord Lerum Cup på turneringa sine heimesider. http://www.sognefjordcup.no/