Nytt i år, i samband med miniputt-turneringane, var prosjektet "barn hjelper barn", kor vi ønskte å sette fokus på dei utfordringane og vanskar som møter barna som ønskjer å spele fotball i landsbyar i Vietnam. Områda er dekt av gamle miner etter Vietnam-krigen, og det er svært farleg å ferdast utanom rydda område.

 I Hong Tien-landsbyen(e) i Hue-provinsen er det nyleg, i regi av NFF, åpna ein fotballklubb for barn i barneskulen. Medlemskontigenten er på 60 øre pr.måned, men dei færreste har råd å betale. Sjå meir om NFF sitt engasjement i Vietnam HER

I år vart det for første gong arrangert fotballturnering i området og bana vart bygd på dugnad. NFF og Norsk Folkehjelp hadde undervisning for barna under turneringa, for å forklare dei faren ved ueksploderte objekt.

Vår tanke var eigentleg todelt: Vi ønskte å sette fokus på og bidra til at miniputtane i Hong Tien kan spele fotball og ha ein trygg kvardag i leiken utan å vere redde for miner. Vi ønskte også å formidle verdiar som omtanke og raushet ut til våre miniputtar.

Dette vart ein stor suksess, og vi får stadig inn rapportar om gode tiltak i samband med prosjektet. Dette er enno ikkje avslutta. Vi kjem derfor nærmare tilbake til kor mykje vi har fått inn i innsamla midlar samt nærmare informasjon om tiltaka som har blitt gjennomført.

I tillegg hadde vi fått med oss 6 gode samarbeidspartnarar som har stilt seg positive til å bidra i aksjonen: 

Sparebanken Sogn og Fjordane, Firda, Nordfjord Kjøtt, Avery Dennison, Coast Seafood og Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Dei bidrog med kr.1,- pr.scora mål i turneringane den 28.august. Pga verforhold vart ikkje alle turneringane gjennomførte denne datoen. Dei siste turneringane går 2.oktober, og vi vil komme med meir utfyllande informasjon etter den tid.

Tusen, tusen takk til alle miniputtar og samarbeidspartnarar som har bidrege til ein betre og tryggare kvardag for miniputtane i Hong Tien! Rapport frå prosjektet kjem seinare.