Mange miniputtar rundt om i fylket har engasjert seg på ulike vis, for å bidra til at barna i Hong Tien, Vietnam, skal få ein tryggare kvardag.

Totalt har vi pr. i dag fått inn ca.61.000 kroner som går uavkorta til prosjektet "Barn hjelper Barn" .Dette er eit fantastisk bidrag som kjem mange barn i Hong Tien tilgode i form av tryggare leikeplassar og meir kunnskap rundt minefaren.
Rapportar frå lag og klubbar finn du HER

Om de har gjennomført tiltak som ikkje kjem med i rapporten som ligg ved, så tek vi gjerne imot informasjon om det.

Vi vil få rette ein stor takk til alle som har vore med og bidrege med midlar inn mot prosjektet. Vi kjem til å legge ut rapportar frå Hong Tien etterkvart.

Vil på ny minne om kontonr. til prosjektet som er : 3705 19 42214