Søndag 18.september var det klart for årets siste Kongleriket Miniputt-turneringar.

Turneringane vart heldt på 7 ulike arrangørstader:
 Aurland,Kaupanger,Syril,Florø,Sandane,Stryn og Tornado Måløy
(Hyllestad arrangerer turnering 2.oktober pga reparasjon av bane, samt at Loen held den tredje turneringa 2.oktober pga verforhold)

Tema denne dagen var "Traffikktryggleik", kor vi ønskte å sette fokus på bruk av refleks, trygg og sikker tilkomst og parkering ved baner og anlegg og bruk av bilbelte. Det vart også delt ut refleks til alle miniputtar denne dagen.

I tillegg fikk alle miniputtar ein avslutningsdiplom som takk for innsatsen denne sesongen!

Arrangørane melder om bra oppmøte, våre representantar melder om gode og ryddige trafikk- og parkeringsforhold. I tillegg spelte vergudane på lag med dei flotte miniputtane våre, og dei hadde ein fin dag rundt om på grasbanene.

Vi takkar både miniputtar og arrangørar for flott innsats og ønskjer alle velkommen til ny miniputt-sesong i 2012!