Stefan Aase i aksjon for Florø SK i finalen.
| Foto:
Dana Cup
Florø SK sitt gutelag (G16) gjekk heilt til topps etter at dei vant finalen 4-0 mot Hjørring.
Florø SK sitt juniorlag vart nr 2 etter at dei tapte finalen 0-2 mot Mandalskameratene. Jentelaget til Florø SK gjorde og ein god innsats med siger i B-sluttspelet. Samla sett vart Florø SK kåra til beste klubb i Dana Cup.
Vik IL sitt G15 lag kom til semifinalen i A-sluttspelet men der vart det tap 1-2 mot Odense BK. Vik IL sitt G16 lag tapte finalen i B-sluttspelet mot Fjellhamar IL.
SFFK gratulerar Florø SK og Vik IL med flott innsats i Danmark.