Samlinga er ein del av leiarsatsinga til SFFK, kor vi, saman med samarbeidspartnaren vår Sparebanken Sogn og Fjordane, tek sikte på å utvikle leiarar som tør og vil og som kan ta klubbutviklinga vidare og skape gode rammar og vilkår for klubbane.

Totalt 19 representantar frå 9 av våre små og mellomstore klubbar var samla i to dagar på Rica Sunnfjord Hotell i Førde; Eikefjord, Hyllestad, Balestrand, Bremanger, Svelgen, Askvoll/Holmedal, Lærdal, Gaular og Stadlandet. 

Tema desse dagane var:

Omdømme/ Merkevarebygging
Samfunnsansvar
Arrangement
Godt styrearbeid og planarbeid
Rekruttering av leiarar
Eikefjord - Klubben og bygda
Flest muleg lengst muleg best
muleg

Vi hadde med oss inspirerande førelesarar som Rasmus Mo, Sogndal Fotball, som viste oss viktigheita av å kjenne bygda, klubben og folka rundt, og skape ein identitet og stoltheit rundt klubben.
Per Øyvind Sørbø, Eikefjord IL (biletet), gav oss ei innføring i bygdeutvikling i praksis, kor klubben, gjennom å vidareutvikle bygda, har blitt ein viktig aktør og eit naturleg samlingspunkt i bygda.

Tilbakemeldingar vi mottok frå klubbane i etterkant av samlinga, tyder på at vi har truffet godt på innhold og at dette vil gi dei ytterlegare inspirasjon til å få fart på vidareutviklinga av klubb.

SFFK ønskjer å følgje opp dette arbeidet med tettare kontakt med klubbane og klubbesøk til hausten, kor vi ser på prosessar som klubbane har starta med, og kor vi saman kan diskutere vidare veg og utfordringar.

Vi er viss på at dei dyktige folka som var tilstades skal få det til, og ønskjer alle klubbar lykke til med arbeidet!