I styret sitt planleggingsmøte i Kalvåg 27.-28.08 vart ei rekkje aktuelle ting- og fagsaker diskutert.

Valkomiteleiar Øystein Hjertenes var også tilstades og hadde samtaler med styret. Han har såleis rimeleg oversikt på kven som vil halde fram og ikkje,  men ønskjer å halde korta til brystet ei stund til. Det er likevel klart at det blir nokre skifte i styret.

Styret kan røpe at følgjande saker truleg vil bli fremma på tinget. I tillegg vil ein del klubbar fremje saker når fristen nærmar seg.

Tingsaker
1. Kampmanual 
 - Alle seriesaker, sesongutvidingar, futsal, innandørs KM, vinterakt etc.  skal diskuterast under denne saka.
2.  Fair Play plan. Satsingsområde 2010-2011 
4. SFFK handlingsplan/aktivitetsplan/satsingsområde 2010-2011
5. Kontigentar og avgifter
6. Retningslinjer for SFFK (SFFK lov, retningslinjer for utmerkingar etc) 
7. Terminliste, elektronisk eller papir
8. Utdanningsavgift.Erfaringar.
7. 15 års dispensasjonar. Styret ønskjer å fremme sak til forbundsting.

Fagsaker:
1.  Breidde eller topping frå tidleg alder
2.  Konsekvens av differensiering.

Utmerkingar
Det blir som vanleg ei rekkje utmerkingar.

Underhaldning
Vi legg opp til festmiddag og god underhaldning som vanleg.

Tingpapira blir sendt ut i slutten av september. Vi ber alle merke seg datoane og unngå å arrangere klubbfestar og andre klubbarrangement desse dagane.