Jølster spelte torsdag kveld  “landskamp” mot eit lag frå Jølster Mottakssenter på Vassenden. Jølster stilte med Old Boys laget mot eit lag samansett av spelarar frå mange nasjonar.

Kampen var eit resultat av eit initiativ til samarbeid med mottaksenteret frå fotballgruppa i Jølster IL. Det samansette laget stilte med drakter frå Jølster IL og laget heitte naturlegvis "Jølster United".

Fleire hundre tilskodarar møtte opp og dei fekk oppleve ei flott stemning med sambarytmer, duskedamer og ein artig og fartsfyllt kamp. Jølster vann til slutt
2-0 men kampen var jamnspelt og det var fleire sjansar begge veier.

Jølster United stilte med unge, kjappe og tekniske spelarar som tydelegvis hadde spelt fotball før. Men denne gongen var dei gamle eldst og det jølstringane mangla på fart og teknikk, tok dei att på stor tyngde i tacklingane.

Få ting er så godt eigna til å sameine menneske med ulik kultur og religion som fotball. Fotballspråket forstår alle enten dei kjem frå Afrika, Sør-Amerika, Asia eller Europa. Slik sett var denne kampen eit glimrande middel til å skape kontakt mellom bygdefolket og dei nye “jølstringane”. Detter var eit flott tiltak og det var heilt tydeleg at dette var noko folka frå mottakssenteret sette pris på. At dette var eit godt tiltak syner også det faktum at både Ordførar Gerd Dvergsdal og regiondirektør i UDI, Atle Berge, var tilstades. Styremedlem i SFFK, Anne Vedvik var og til stades.

Etter kampen vart alle inviterte til mottaket for å møte bebuarane der. Her fekk ein servert både kulturinnslag og smakebitar av framand matkultur. Det vart etter kvart fullt hus. Maten, som vart servert var av libanesisk og palestinsk opphav.

SFFK og NFF er særs opptatt av integrering av asylsøkjarar og alle andre med fremmedkulturell bakgrunn. Sånn sett var dette eit kjempeflott tiltak som Jølster IL, fotball skal ha all ære av. SFFK oppmodar andre klubbar i kretsen som har asylmotak til å gjennomføre liknande tiltak.