SFFK har i fleire år vore beste krets i landet på antall spelarar pr innbyggar. I 2010 så visar NFF sine tal for Sogn og Fjordane at 21,9% av alle  i fylket mellom 6-44 år aktive innan fotballen. Dette talet er vi godt fornøgde med men…

Sjølv om vi er blant dei kretsane med høgast andel jente/damespelarar så kan vi og klubbane i kretsen bli enno betre. Andelen jenter ligg rundt 1/3 av alle fotballspelarar i fylket. Sånn sett vel og bra men det som klubbane våre må bli betre på er rekrutteringa av nye minijentelag. Dersom vi skal få enno meir stabile jentemiljø rundt om i klubbane må vi starte heilt frå dei aller yngste. All erfaring tilseier at dette er måten å gjere det på.

Statistikk kan brukast til så mangt. Blant anna har SFFK sett på kor mange lag det var i 2010 i dei forskjellige kommunane i forhold til folketal. Det visar seg at klubbane i Sunnfjord treng langt fleire barn og unge for å danne eit lag.

Tala seier at mens klubbane  i Sunnfjord treng 14,1 gutar mellom 6-12 år for å danne eit lag så treng ein i Nordfjord og Sogn litt over 11 gutar. På jentesida er det Sogn som kjem best ut. I Sogn treng ein 15 jenter for å få til eit lag i barnefotballen mens ein i Sunnfjord må ha over 34 jenter for å danne eit lag. I ungdomsfotballen (13-16 år) er klubbane i Sogn best på både gutar og jenter. Mens ein i Sunnfjord må ha over 57 jenter for å få til eit ungdomslag så er tala for Sogn 37,6.

Desse tala seier mykje om tilbodet klubbane i Sogn og Fjordane klarar å tilby spelarane sine. Det er betenkeleg at ein i Sunnfjord kun har 19 lag (2010) i ungdomsfotballen på jentesida. Det seier seg sjølv at grunnlaget for å danne fleire senior damelag i regionen då er tynt.

Tala for Nordfjord er heller ikkje så ”lystelige” på jentesida i ungdomsfotballen. Heile 45,3 jenter må til for å danne eit lag i Nordfjord. Jenterekrutteringa i Nordfjord og Sunnfjord er eit viktig satsingsområde for SFFK. Desse regionane MÅ ta rekruttering av jenter på alvor. Det er ikkje noko ”hokus pokus” for å få fart på jentefotballen. Det handlar om å ta jentene på alvor og sørge for at dei får engasjerte trenarar og leiarar rundt laga. Klarer ein det er det ikkje verre  å rekruttere jenter enn gutar til fotballen.

Statistikkane for antall spelarar pr innbygger er gode for SFFK. Vi klarar stort sett å holde oppe aktiviteten i klubbane sjølv om det er mindre barnetal i mange kommunar. Frå 2005 til 2010 var det kun 4 kommunar i fylket som har oppgang i innbyggartalet mens det er fleire kommunar som har ein nedgang på 15-20% på bare 5 år. Sånn sett er det godt jobba av klubbane våre å opprettholde antal lag og spelarar sjølv om vi vert færre her i fylket.

SFFK ønskjer å bruke desse tala i oppfølginga av klubbane i kretsen. Vi har sagt vi skal være best på aktivitetsutvikling i landet og då er det avgjerande at ALLE som ønskjer å spele fotball i fylket får eit tilbod gjennom moderklubben sin.

Last ned statistikken for Barne og Ungdomsfotballen 6-16 år i SFFKHER