Årets kretsting er vel overstått og det har vore ei helg kor formelle vedtak er gjort og gode debattar og diskusjonar har føregått, men også ein flott fest der høgthengande heidersteikn er delt ut til fortente vinnarar.

Laurdag 19.november kl.11 vart Kretstinget åpna, og det vart ein lang og innhaldsrik dag. Av formelle vedtak som vart vedtekne kan nevnast

- 6 åringar skal med i miniputt-klassa frå sesongstart
- Seriespel for 9-10 åringar vidareførast som i 2011
- 5'ar fotball i J 11 klassa
- Endring i serietilbod i J13/14-klassa
                   - 11'ar for satsingsklubbar, ellers kun 7'ar fotball
- Auke i gebyr og bøter
- Spelarutviklingsstilling vidareførast til 2013

På kretstinget var det sjølvsagt også utmerkingar av ulike slag. På dagtid var det ulike klubbutmerkingar, med KM-vinnarar, Tullen-pris, SFE-dommarutdelingar, Adecco Utdanningspris, Årets TINE Fotballskule, vinnarar av merketakingskonkurranse og ikkje minst ei markering av Nikken-prisen som vart delt ut under cupfinalen tidlegare.
Sjå vinnarar av dei ulike prisane som vart utdelt på dagtid HER
Bilete av vinnarane finn du HER 

Laurdagskvelden var det dekka opp til fest for heile fotballfamilien i Sunnfjordsalen og 150 gjester frå klubbar i heile fylket var pynta og klare til feiring og utdelingar av ymse slag. Under middagen vart det utdeling av personlege heidersteikn til eldsjeler som har gjort ein uvurderlig jobb i sine respektive klubbar: Årets Leiar, Årets unge leiar. honorært leiarstipend, gullmerke og Blå diplom for lang og tru tjeneste i klubb. I tillegg vart det gjort stas på dagleg leiar i SFFK, Svein Olav Myklebust som har vore 25 år i kretsen. Kretsleiar Jon Georg Rutledal som takkar av som leiar (men fortsetter som styremedlem)vart og heidra. Det same vart styremedlemmane Ketil Ølmheim og Ann Helen Lægreid som går av i år.
Sjå vinnarar av dei ulike prisane som vart utdelt på kvelden HER
Bilete av vinnarar ser du HER

Søndag var det duka for faglege innlegg, kor mellom anna Terje Rognsø, Florø SK og Knut Erik Folland gav oss eit innblikk i akademimodellen som blir brukt i dei respektive klubbane. Avslutningsvis var det debatt, før val av nytt styre og komitear avslutta årets kretsting.

Nytt styre i SFFK blir:

Robert Endestad, Tempo FK             Leiar
Arve Helle, Dale IL                            Nestleiar
Rune Sunde, Eid IL                          Styremedlem
Jon Georg Rutledal, TMFK                Styremedlem
Anne Vedvik, Kaupanger                   Styremedlem
Mona Standal, Eikefjord IL                Styremedlem      NY
Oddvar Flataker, Førde IL                  Styremedlem     NY

Alt i alt eit godt tingsete med gode diskusjonar både på dagtid og kveldstid. Det er alltid kjekt å møte gode fotballvener og vi ser allerede fram mot neste års miljøhelg. Dato for denne vil komme på eit seinare tidspunkt.