Landskampane i Førde denne veka viste at Norge sine G15 og J15 landslag holder eit godt nivå i forhold til Sverige. Fire strake sigrar på Førde stadion er imponerande. Av dei lokale spelarane fekk Sara Eriksen spele 20 min i fyrste kamp og ein omgang i kamp 2. Jacob Storevik fekk spele heile kamp 2 i mål for G15.

Resultat frå kampane i Førde:

Tysdag 20/9:
Gutar 15: Norge - Sverige 3-2
Mål Norge: Morten Åge Konradsen, Iver Fossum og Jan Tidjani Aboubacar

Jenter 15: Norge - Sverige 1-0
Mål Norge: Pernille Sundby. Sara Eriksen frå Førde spelte 20 min.

Torsdag 22/9:
Jenter 15: Norge - Sverige 4-2
Mål Norge: Cecilie Dekkerhus, Camilla Ose, Synne Jensen, Martine Teigland. Sara Eriksen frå Førde spelte 1 omgang.

Gutar 15: Norge - Sverige 1-0
Mål Norge: Zymer Bytyqi. Jacob Storevik spelte heile kampen.

Jacob Storevik holdt nullen i kampen mot Sverige torsdag

Fornøgde landslagstrenarar

Landslagsjef Øyvind Nilsen var naturleg nok godt fornøgd med kampene og oppholdet i Førde.
- Med to seire og godt spill har G15-landslaget fått en flott oppstart med det nye kullet.
- Uka har vært veldig bra. Vi har først og fremst hatt fokus på prestasjoner, men det er en oppmuntring for oss å vinne kampene også, avslutter Nilsen.

Jan Roar Saltvik som leiar det norske J15-landslaget var og godt fornøyd med utbytte av samlingen.

- Vi har lagt et fundament og satt igang en læringsprosess. Spillerne har bidratt til egen læring, og har fått øvd på gjøre ting og ikke bare kunne det. De har fått gode opplevelser. I tillegg har vi fått samkjørt teamet rundt laget. Jeg er godt fornøyd med denne uken, avslutter Saltvik. 

NFF fornøgde med samlinga i Førde

Arrangement ansvarleg i NFF, Leif Ivar Akselvoll er og godt fornøgd med Førde samlinga.
- Førde Fotball har gjort ein kjempejobb som vertskap trass i dårleg vær det meste av tida. Logistikk, hotell og treningsfasilitetar fungerte kjempebra. Den svenske delegasjonen var og full av lovord om samlinga, seier Akselvoll.