Vedtak på kretstinget 2011

6 åringane med i miniklassa frå sesongstart
Det vart vedteke at 6 åringane skal takast med i miniputtklassen frå sesongstart. Bakgrunnen for vedtaket er at fleire klubbar allereie har med 6 åringane mens andre ikkje har tatt dei med før på hausten når dei startar på skulen. For at dei 6 åringane som allereie er med skal få mest mogeleg jamnbyrdig motstand på turneringane har SFFK vedteke at 6 åringane skal ha eit fotballtilbod i klubbane frå starten av sesongen det året dei fyller 6 år.

Seriespel i miniputt 9-10
Vidare vart seriespelet for miniklassane 9-10 år formelt vedteke på kretstinget. Saka var oppe på leiarmøtet i 2010 og tilbakemeldingane i frå deltakarane i 2011 har vore eintydig positive. SFFK håpar enno fleire klubbar melder på lag til desse seriane i 2012.

5 ar fotball i jente11
SFFK har hatt eindel problem med gjennomføringa i J11 klassen. Det var i 2011 mellom anna ikkje påmelde lag i Nordfjord. Styret i SFFK fremma forslag på kretstinget om å spele 5ar fotball i denne klassa. Det vart vedteke og i 2012 så vil altså J11 spele 5ar fotball.

Ein fylkesdekkande serie i 11ar i J13-14. Resten spelar 7ar fotball
I J13-14 vert det i 2012 ein fylkesdekkande serie i 11ar fotball. Dei andre laga i J13-14 skal spele 7ar fotball. Dersom det vert meir enn 10 lag påmeldt i 11ar så vert det to seriar.

KM Innandørs Aldersfastlagde klassar
Tambarskjelvar fremma forslag om at finalane i KM Innandørs aldersfastlagde klassar skal gå i Førdehuset fast. Dette vart ikkje vedteke. Tambarskjelvar ville og at SFFK skal sjå på mulighetene for å spele Futsal i KM. Dette skal styret og adm i SFFK sjå på og komme med forslag seinare.

Auke i dommargebyr
Kretstinget vedtok ei auke i dommargebyra. Desse har vore uforandra sidan 1992. Manglande dommarar i kretsen sine 11ar serier for senior menn og kvinnar vert bøtlagt med 6000,- kr pr dommar. Tidligare var gebyret på 3000,- kr pr manglande dommar. Gebyret for manglande dommarar i aldersfastlagde klassar vart auka frå 1000,- kr til 2000,- kr pr manglande dommar.

Auke i gebyr og bøter 
Kretstinget vedtok også ei auke i gebyr/bøter generelt. Satsane for å trekke lag etter seriestart, ikkje møtt til kamp, samde om å ikkje spele terminfesta kamp, bruk av ikkje speleberettiga spelar og falsk namn på dommarkort vart heva med mellom 1000,- og 2000,- kr.

Avgift for å finansiere SFFK si spelarutviklarstilling
Ordninga med avgift for å finansiere SFFK si spelarutviklarstilling vart vedteken forlenga til 2013. Saka skal igjen opp på kretstinget i 2013.

SFFK sin strategi og visjonsplan
Styret i SFFK la fram SFFK sin strategi og visjonsplan for 2011-12. Hovudsatsingsområda vert:
1) Aktivitetsutvikling
2) Leiarutvikling
3) Samfunnsansvar
Strategi og visjonsplanen skal samsvare med NFF sin nye handlingsplan som vert vedteken på NFF sitt forbundsting i mars 2012. SFFK ligg på mange felt allereie foran dei måltala som er føreslegne til NFF si handlingsplan. Det må likevel ikkje være ei sovepute for SFFK og klubbane.