Dispensasjonsordninga for aldersfastlagd fotball

Vi gjer klubbane merksame på at dispensasjon er siste utveg, og at  klubbane er pålagt å vurdere andre alternativ før dei søker om dispensasjon for manglande sportsleg tilbod.  Søknadar utanom retningslinjene blir ikkje handsama.

Retningslinjer for søknad

Generell dispensasjon

Bruk av overårige (1 år)
1. Etter søknad 2 dispensasjonar  på 11-ar lag (inkl. innbytarar).
2. Etter søknad 1 på dispensasjon på 7- ar lag (inkl. innbytarar).

Ordninga gjeld frå fylte lillegut/lillejente og til og med gut/jente.

Særskilt dispensasjon
3. Asylsøkjarar kan få dispensasjon på særskilt grunnlag.
4. Sosialmedisinske grunnar (legeattest),

for søknadsklubbar

Punkt 1-2: Søknad blir automatisk innvilga.
Konsekvens: Laget kan ikkje spele i 1. divisjon, om avdelingsmeisterskap eller KM. Dispensasjonspelarane kan kun delta på dispensasjonslaget. Merk at punkta kun gjeld spelarar som er eit år eldre enn den aktuelle påmeldingsklassen

Punkt 3-4: Søknad blir vurdert.
Konsekvens: Lag som har fått innvilga spelarar på dispensasjon etter punkt 4-5 kan delta i seriespel på vanlege vilkår (d.v.s 1. divisjon/avdelingsmeisterskap/KM).

Merknad til ordninga

  1. Innvilga dispensasjonar gjeld ut kalenderåret. Ein spelar kan få dispensasjon ein gong kvart kalenderår.
  2. Dispensasjonar gjeld seriespel i kretsen sine cupar og turneringar utandørs. Dispensasjon blir ikkje gjeve for enkeltståande cupar og turneringar.
  3. I tilfeller der føresetnaden med ordninga ikkje er følgt, kan kretsen trekkje dispensasjonen, døme er: 
    - spelaren deltar på andre lag enn vedkommande har dispensasjon for.
    - nyttar fleire spelarar enn løyve gjev.
  4. I kvar kamp kan eit lag nytte inntil 2 spelarar (inkl. innbytarar ) med dispensasjon i kampar med 9-11 spelarar på laget og 1 spelar (inkl. innbytar)  med dispensasjon i kampar med 6-8 spelarar på laget. I kampar med 5 eller færre spelarar på laget, kan dispensasjonsspelar ikkje nyttast.
  5. Klubbane bør vere merksame på at det i NM, interkretsturneringar, opprykkskampar og ved spel i forbundsseriar kan vere retningslinjer som ikkje tillet dispensasjonsspelarar.

Endring av dispensasjon

Ein klubb med dispensasjonsspelar kan innan seriestart sende spelarløyve tilbake til kretsen. Etter at kretsen har stadfesta mottakinga, kan klubben nytte spelaren i samsvar med alder og regelverkets føresegn.