Klubben har på oppfordring frå folkehelsekoordinator i Naustdal Kommune, Anne Schei "Vardar for folkehelsa" gjort dette vedtaket.

Fotballkretsen har i fleire år, i eit samarbeid med helseavdelinga hjå Fylkesmannen og Fylkeskommunen, under deira paraply "Vardar for folkehelse" oppfordra klubbar og lag til å selje frukt og grønt under arrangement. Dei sistet åra har alle Miniputtarrangement (40 stk) både marknadsført og solgt frukt og grønt. I tillegg har fleire klubbar (t.d. Sogndal) og ei rekkje andre hatt frukt og grønt i sitt sortement under kampar og turneringar. Volumet og effekten av dette i folkehelsesamanheng er monaleg.

På oppmannsmøtene i vår marknadsførte vi ideen om også å tenkje kalorifattig og sunt i høve drikkevarer. Vi ser at fleire leverandørar av drikkevarer og leskedrikk tenkjer i same retning, og sel meir og meir vatn, juice eller sukkerfri brus.

Tambarskjelvar utfordrar no fotballkretsen til å sette tema endå meir aktivt på dagsorden og gjerne ta grep og  forhandle fram prisar hjå leverandørar på sunne
alternativ, som alle klubbar i fylket kan dra nytte av.
 
Tambarskjelvar vil i lag med NFF/SFFK  i helga arrangere  BENDIT turnering (NFF sitt frukt og grønt konsept i lag med Bama) i Naustdal med 90 påmelde lag.

Her blir det kun omsett Oldenvann, med og uten smak,smoothie og jus 60/40 fra Tine. 
 
SFFK applauderer tiltaket og lovar å følgje opp initiativet vidare. Vi oppfordar også andre arrangørar og klubbar til å følgje opp.