Hornnes Agenturer, ved Britt Gravdal, har underteikna ei forretningsavtale med Sogn og Fjordane FK for 3 nye år.
Hornnes Agenturer finn du ved innkøyrsla til Førde frå Jølster, lokalisert ved Shell stasjonen. SFFK samarbeider mest innan premiar og gåveartiklar, men bedrifta sel alt frå ulike typar solskjerming, trapper m.meir.
Hornnes Agentur har alt du treng til premiar og profileringsartiklar til miniputt turneringar, cupar og fotballskular. Dei er t.d. leverandør til Innandørs KM og kretsen sine KM kampar. SFFK set pris på god service og presis leveranse.
Dagleg leiar i SFFK er glad for at avtala er på plass, og tilrår eit besøk eller ein telefon til bedrifta for gode tilbod.
Hornnes Agenturer, ved Magnor eller Britt, kan de treffe på: 57826390 eller 95041650.