(
Sogn og Fjordane FK forlengar hovudsamarbeidsavtala med Sparebanken Sogn og Fjordane til 2014.
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Svein Olav Myklebust, er godt nøgd med å ha Sparebanken Sogn og Fjordane med vidare som ein solid støttespelar for breiddefotballen i fylket.
Avtala er svært viktig for vidare utvikling i kretsen. Myklebust understrekar, med handa på hjartet, at mesteparten av midlane blir kanalisert tilbake til klubbane i form av stønad til løkker og kunstgrasbaner, leiartiltak, aktivitetstiltak og spelarutvikling.
Kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reiel Haugland, er også glad for å vere i mål med ei ny avtale, og uttalar at breiddefotballen sin profil høver godt for banken.
Dei vi vel å støtte må vere pådrivarar for trivsel og engasjement, dele våre kjerneverdiar og vere med å bygge opp om banken sin profil – kort og godt må aktørane vere drivkrefter for fylket.
Sogn og Fjordane Fotballkrets står for desse verdiane, det er berre å vise til at fotballkretsen har landets beste aktivitetstal i høve innbyggar tal, og med om lag 13 000 medlemmar fordelt på alle kommunar snakkar vi om eit folkeengasjement av dei sjeldne.
Vi er særskild imponert over kretsen si målretta anleggsutvikling, og ser at klubbane ikkje berre byggjer fotballbaner, men i mange tilfeller tar samfunnsansvar og legg til rette for heile idrettsparkar. I Førde t.d vil Hafstad Idrettspark nærast bli ein ny bydel, og liknande ting ser vi i Stryn, Sandane og mange andre plassar.
Banken har vore med på om lag 70 av dei 105 løkkene som er i fylket, og vi ser at løkkene er viktige treffstadar i nærmiljøet, og at det også hever kvaliteten på infrastrukturen enten på skulen eller i grendalaget.
Sparebanken har tidlegare engasjert seg mest innan aktivitetsskaping og anlegg, t.d. Kongleriket miniturnering, utbygging av løkker og kunstgrasbaner. Samarbeidet med fotballkretsen har vore så vellukka, at vi vel å halde fram med tidlegare tiltak, samstundes som vil vel å vere med også på kretsen si satsing på leiar- og spelarutvikling.
Myklebust understrekar at det er viktig for kretsen å samarbeide med profesjonelle næringsaktørar. Ei avtale handlar om mykje meir enn økonomi, og for vår del ser vi etter partnarar som er med å sette krav, spelar på lag, er kreative og engasjerte. Klarer ein å få gode relasjonar i ei slik avtale, kan begge partar utvikle seg positivt.
Avtala på 4 år handlar om mykje pengar, nøyaktig kor mykje vil ikkje aktørane ut med, men vi snakkar om fleire millionar til krets og breiddesatsinga i fylket.
Kontaktpersonar: Reiel Haugland, kultursjef i Sparebanken (410 27 905)
Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i SFFK (90103595)