Meld på lag i barneklassene innan 10.mars
| Foto:
SFK
Frå 20. februar til 10. mars er det opent for påmelding av barnelag. Det gjeld jente- og gutelag, 7-12 år. For 7-10 år vil det i år, som tidlegare, bli spelt miniturneringar på oppsette vekenummer. Klassene 11-12 år vil spele vanleg seriespel.
NFF sitt hovudmål for barnefotballen er å gi så mange barn som mogleg eit fotballtilbod og ei fotballoppleving prega av tryggleik, meistring og trivsel gjennom både trening og kamp, samt deltaking i sosiale og trygge lag- og klubbmiljø. Når ein no skal melde på lag til barnefotballen er det viktig å ha dette friskt i minne. Ha fokus på tryggleik og meistring, og still deg sjølv nokre enkle spørsmål: Har vi meldt på nok lag? Hugsar vi på at alle skal få eit godt tilbod? Vil det å melde på lag i denne klassen føre til tryggleik og meistring?
Viktige verkemiddel for å skape tryggleik og meistring er differensiering og jamnbyrdigheit. Differensiering kan kort forklarast som tilrettelegging for at barn får ulike typar utfordringar ut frå interesse, ferdigheiter og modning. I trening og kamp vil det seie at ein i størst mogleg grad skal tilpasse tilbodet ut frå kvar einskild spelar sine ferdigheiter, motivasjon, ynskjer og behov. Jamnbyrdigheit vil i praksis innebere at alle skal få delta med like moglegheiter. Topping av lag høyrer ikkje heime i barnefotballen – her skal alle få delta på lik linje. Skal ein få til jamne kampar må alle ta ansvar. Første oppgåve er å tenkje gjennom kva klasse ein skal melde på lag i. Sjå på lista under og sørg for at klubben har eit heilskapleg bilete av spelarsituasjonen og melder på tilstrekkeleg med lag i passande klasse.
Les våre råd og retningslinjer for barnefotballen her.
Påmeldingsfristen for barneklassene er 10. mars. Klassene ein kan melde på lag i, er:
• 5ar fotball organisert i miniturneringar for klassene:
J7
J8
J9
J10
G7
G8
G9
G10
Miniturneringane skal spelast i veke 19, 24, 34, 37. Les meir om miniturneringane her.
• 7ar fotball organisert som seriespel for klassene:
J11
J12
G11
G12
I desse klassene kan ein og melde på lag som 5ar lag. Der 5ar lag er sett opp mot 7ar lag i speleplanen, skal begge lag spele 5ar fotball. Hugs å legg inn melding om det ved påmelding og gi laget namn som viser dette, eksempel ”Folkestad 5ar”.
Påmelding skjer i FIKS klubbklienten på same vis som for senior- og ungdomsklassene. Les meir om påmelding her.
Hugs fristen 10. mars!