Dei fleste såg nok ideen om å bygge ein hall på Haramsøya som eit luftslott. Men laurdag vert "luftslottet" opna.
| Foto:
HaNo
Laurdag 28. mai kl 13.30 skal Nordøyhallen på Haramsøya offisielt opnast. Denne isolerte fleirbrukshallen er den første i sitt slag i Noreg. Kulturminister Anniken Huitfeldt finn pilotprosjektet så interessant at ho tek turen til Nordøyane for å vere med på opninga! Det same gjer ordførar Bjørn Sandnes og representantar frå dei ulike støttespelarane våre.
Konseptet fleirbruk, isolert plasthall og eigenutvikla opplegg for lys, ventilasjon og varmepumpeoppvarming, gjer Nordøyhallen unik. Over 5000 dugnadstimar er så langt lagt ned i prosjektet som er kostnadsrekna til om lag 12 millionar kroner.
28. mai er det tid for å markere det øyfolkethar fått til så langt. Det vert lagt opp til 90 minutt med tettpakka program der høgdepunkta vil stå i kø. Vi kan nemne:
- Nordøyane Storband
- fellesnummer med 230 kormedlemmar
- offisiell opning ved Anniken Huitfeldt og Joakim Austnes
- teatergruppe
- ”Fairytale”
- kort presentasjon av prosjektet. Framtidsplanar.
- barnekor
- Avslutningsinnslag med trøkk i!
- ordet fritt
- Kakebord med lengde på!
Kort om hallen
For 3 år sidan var det nokre få karar som lanserte ideen om å bygge ein hall på øyane våre. Dei fleste såg nok på prosjektet som eit luftslott, men karane i hallnemda såg mogelegheitene. Planlegginga av fleirbrukshallen Nordøyhallen var i gang.
Etter mykje dårleg kaffi og seine møter i hallnemda, kom det avgjerande gjennombrotet for å få realisert hallen; 26.juni 2009 gjorde Haram kommune vedtak om å dekkje 1/3 av kostnadane ved å bygge Nordøyhallen. Luftslottet var i ferd med å gå inn for landing!
15. juli 2010 starta så ein 8 månader lang dugnadsmaraton. Etter svært mange dugnadstimar, kunne damelaget til HaNo/Lepsøy avvikle den første treninga i hallen 12. februar 2011. Ein milepæl var nådd, og øyane våre hadde fått ein super arena for ulike aktivitetar.
Offisiell opning
Dei er sjølvsagt stolte av det dei har fått til så langt, gler seg til det som skal kome, og er takknemlege overfor dei som har støtta prosjektet. Nordøyhallen vil verte eit løft for øyane, og vil vere med på å auka aktiviteten blant barn, ungdom og vaksne.